ULSÅKSTØLEN

Opplev stølslivet i flott høgfjellsnatur, under mektige Skogshorn (1728 moh), langs Panoramavegen mot Lykkja.

Gamle tradisjonar og nye driftsmåter viser korleis stølslivet har endra seg gjennom 100 år. Mjølka blir sendt med tankbil til meieriet, men ein liten del vert også vidareforedla til rumme, smør og ost på stølen - akkurat som for 100 år sidan.

Til stølslivet høyrer også stell av og kost med kyr, kalvar, geiter, gris, høner, kaniner og katt. I den Hallingstua blir det servert tradisjonsrik stølsmat og real "Hallingkost".

Kvar dag vil det foregå ulike aktiviteter på stølen. Dette er til dømes stell av dyr, henting av egg, separering av mjølk, ysting, koking av brunost og mjølkeprim eller baking av flatbrød.

Opningstider

20. juni – 31. august
• alle dagar kl 11-17
September
• laurdag og sundag kl 11-17
Haustferien
• alle dagar kl 11-17

Prisar

Vaksne kr 25,–
Born kr 15,– (4 – 14 år)
Familie kr 70 (2v + 2b)

Servering

Kafeterian er åpen frå kl 11 til 18.
Her får du kjøpt ulik støls- og hallingkost, sjå også eigen informasjonsside.

SALG AV
Heimelaga rumme, ost, flatbrød og andre gardsprodukt.

Velkomen til ein minnerik dag!

Ulsåkstølen, Hemsedal. Stølsturisme, servering, overnattin, hytteutleie. Foto: Thorgeir RøerUlsåkstølen, Hemsedal. Stølsturisme, servering, overnattin, hytteutleie. Foto: Thorgeir RøerUlsåkstølen, Hemsedal. Stølsturisme, servering, overnattin, hytteutleie. Foto: Thorgeir RøerBilder fra UlsåkstølenBestill ditt opphold nå - Ulsåkstølen, overnatting Hemsedal

<-- tilbake til forrige side

Thorgeir Røer - www.hallingdal.info