Bli ei ekte budeie

Har dy lyst til å bli ei ekte budeie, eller berre bli godt kjend med stølslivet kan du no delta på eit av våre stølskurs.

Kursa blir arrangert helgane 29. juni til 1. juli og 6. til 8. juli.

Stølskurset inkluderer:

  • Opphald med mat i dobbeltrom.
  • Deltaking og oppleving i stølens kultur og natur.
  • Pris kr 2100.-

Fredag:
Kl. 16.00- 20.00 :
Ankomst på Ulsåkstølen. Sjefsbudeia Anne ynskjer velkomen og viser litt rundt på stølen.
Kl. 17.00
Dei som er på plass til kveldstellet blir med på det. Me tek inn kyrne til mjølking og foring. Stell av kalvar,geiter,høner,gris og kaniner.
Kl. 20.00
Kveldsmat med tradisjonsmat i Hallingstugu.Me fortell om støl og støling for 100 år sidan og førebur oss til det som skal skje neste dag.

Laurdag:
Kl.6.00.
Ein ny dag med nye utfordringar ventar. Me startar med ”bisk” som er tidleg morgonkaffi med noko attåt.
Kl.6.30.
Morgonstell av dyra med mjølking og separering av mjølk.
Kl.8.00.
Ysting av ost.(søtost)
Kl.8.30.
Frukost.
Kl.9.30.
Ystinga fortsetter og me kinnar smør.Koking av prim (brunost), dette tek nesten heile dagen med små pauser innimellom.
Kl.13.00.
” Dugurd” med vassgraut og prim. Kaffi med rummebrød og lefser.
Kl.15.00.
Me rører i primkjelen og ser til at primet får rett konsistens.
Kl.16.00.
Kaldrøring av primet og fylling i former.
Kl.17.00.
Kveldstell av dyra,same som om morgonen.
Kl.19.00.
Me lagar rummegraut og et middag.
Kl.20.00.
Kveldskos med oppsumering av dagen.

Sundag:
Kl 6.30:
Bisk.
Kl.7.00:
Morgonstell i fjøset.
Kl.9.00:
Frukost med heimelaga ostar og nysteikte natronkaku.
Kl.11.00:
Tur til den gamle stølen eller fjelltur på Skogshorn.
Kl.14.00:
Dugurd og avreise.

Ulsåkstølen, Hemsedal. Stølsturisme, servering, overnattin, hytteutleie. Foto: Thorgeir RøerUlsåkstølen, Hemsedal. Stølsturisme, servering, overnattin, hytteutleie. Foto: Thorgeir RøerUlsåkstølen, Hemsedal. Stølsturisme, servering, overnattin, hytteutleie. Foto: Thorgeir RøerUlsåkstølen, Hemsedal. Stølsturisme, servering, overnattin, hytteutleie. Foto: Thorgeir RøerBilder fra UlsåkstølenBestill ditt opphold nå - Ulsåkstølen, overnatting Hemsedal

<-- tilbake til forrige side

Thorgeir Røer - www.hallingdal.info